RJ45-tester

Apr 13, 2004 0 Replies

Eg byggde ein RJ45-tester:



555 + 4bits teller+dekoder, og så 8 lysdioder i andre enden. Det fungerde godt ved pressing av patchkabler, men eg gav den bort, og eg må bygga meg ein ny, og tenker meg:

Sett ein loopbak i eine enden par 1 og 2 til 2 og 4. Send pulser inn på kvar enkelt leder og observer lysdiodane. Det skal vera svært galt kopla om blinketakten ikkje avslører feil?



Det kan realiserast med ein 8 pins AVR som har intern oscilator.



Om eg så velger ein kraftigare CPU, er det mulig å bygga ein meir "intelegent" testbox. Testsettet skulle også ha dekka behovet for å testa kabelopplegg i hus, der mennesker med mindre kunskaper kar kopla, og då ville det vera bra om eg kunne bruka fleire "loopback" plugger, for å testa fleire strekk i slengen.



Kven har forslag til gode testalgoritmer?



HM


Join the Discussion

Have something to add? Share your thoughts — no account required.

Didn't find your answer?

Ask the community — no account required